Avtale om bruk av spelarar mellom Fotballgruppa og Handballgruppa
Fotball- og Handballgruppa i Nore Neset Idrettslag har i dag formalisert samarbeid for å sikra at alle utøvarane får moglegheit til å delta på begge arenaer.
Målet med avtalen er å skapa føreseielegheit for utøvarane som er engasjert i begge idrettane.
Mange barn og unge driv med fleire idrettar. I Nore Neset Idrettslag opplever vi at mange av våre medlemmer finn glede i begge ballidrettane våre. Dette kan skapa utfordringar som krever at trenarar, leiarar, føresette og spelarar sjølv er seg bevisst korleis desse utfordringane skal løysast.
10.desember signerte leiarane i fotball- og handballgruppa ein samarbeidsavtale som sikrar at utøvarane kan driva med begge idrettane utan at urimelege krav blir lagt på dei. Avtalen er forankra og godkjent i Sportsleg utval i begge gruppene før signering.
Avtalen inneber i hovedsak følgande punkter:
- Begge gruppene er einige i at det er utøvaren sjølv som skal settast i fokus. Det skal ikkje leggast direkte eller indirekte press på ein spelar frå trenarar, leiarar eller føresette om å delta på den eine idretten framfor den andre.
- Fotball har primærsesong frå ca 15. april til 15. november.
- Handball har primærsesong frå ca 15. september – 15 april.
- Det vert lagt føringar om at det ved kolliderande aktivitet skal prioriterast sluttspelaktivitet m.v. i den idretten som er i slutten av sin sesong.
- Det vert lagt føring på at utøvarane skal prioritera den idretten som er i sin primærsesong.
- Det vert lagt føringar på at utøvarane skal prioritera serie, kvalifisering og sluttspel foran trenings- og cupkampar.
- Dersom ein ikkje klarar å unngå kollisjonar i treningstider, så skal utøvarane likevel få eit relevant tilbod – også i den idretten som ein har vald som sin sekundær idrett.
Gjennomføringa av punkta i samarbeidsavtalen skjer i kvardagen, og vi forventar at alle gjer sitt beste for å oppfylla intensjonen i avtalen til det beste for barn og unge i Nore Neset Idrettslag.
Heile avtalen kan lesast her:
https://drive.google.com/open?id=1wiNnbNiQ0eb3vOf463W8mo666CfxhJcx8QD2JQNUX-c
Lykke til!
For spørsmål til avtalen, ta kontakt med:
Kari Berge
Leiar fotballgruppa
416 78 456 / fotball@nnil.no
Sindre Lom
Leiar handballgruppa
970 71 881 / handball@nnil.no
Eirik André Hesthamar
Dagleg leiar
950 89 824 / daglegleiar@nnil.no