Forsikring

Alle barn under 13 år i Nore Neset Idrettslag er forsikra gjennom Norges Idrettsforbund sin barneidrettsforsikring. Eventuelle skadar på barn under 13 år kan melda sine skadar gjennom nettløysinga på Idrettens Helsesenter

Fotballspelarane over 13 år er dekka av Norges Fotballforbund sin fotballforsikring. Ytterlegare detaljert informasjon om denne forsikringsordninga ligg på forbundet si side for Forsikring.

I nettløysinga til Idrettens Helsesenter finn ein også all informasjon vedrørande korleis ein melder skade (skademelding) for utøvarar over 13 år, samt informasjon om idretten sin eigen skadetelefon.

Kostnaden for grunnforsikring for fotball vert dekka gjennom lagsforsikringa til Norges Fotballforbund. Eventuell utvida forsikring kan ein få ved å retta ei henvending til fotballforbundet via søknadsskjema.

For utøvarar over 13 år som spelar handball, så må dei sjølve løysa lisens. Gjennom lisensordninga kan ein velja nivå for forsikring. Oppdatert informasjon finn ein på nettsidene til Norges Håndballforbund. Her finn ein også informasjon om korleis ein melder skade.