Inkluderingsfond

Nore Neset Idrettslag har eit inkluderingsfond!

Inkluderingsfondet har som formål å gje barn og unge som er medlem i Nore Neset Idrettslag moglegheit til å ta del i aktivitetar på lik linje med vennane sine, som dei elles ikkje ville kunna delteke på grunna private økonomiske forhold.

Utanforskap er ei stor utfordring i dagens samfunn, og kan i nokre tilfeller også føra til mobbing og utestenging frå viktige sosiale arenaer. Idrettslaget er overtydd om at vi ved å oppretta dette fondet kan sikra at endå fleire får oppleva å vera ein del av idretten på Nore Neset.

Vi ynskjer ikkje at nokon slutter i vårt idrettslag av økonomiske problem. Har du utfordringar med å betale, så er det viktig at du tek kontakt med oss, slik at vi kan komma fram til ei løysing.

Løysinga kan vera redusert avgift eller ei ordning med månadlege avdrag. Dersom den økonomiske situasjonen er av ei slik grad at du ikkje kan betala i det heile, finn vi ei løysing på dette også.

Vi er fleksible og alle utfordringar klarar vi å løyse!

Ved spørsmål ta kontakt på telefon 95089824 eller e-postadresse dagligleder@nnil.no

Alle søknader vart behandla konfidensielt.