Misjon, Visjon og Verdier

Gjer deg kjend med vår misjon og visjon, samt kva verdiar som vi i Nore Neset Idrettslag meiner er så viktige for idrettslaget vårt.

Visjon

Nore Neset Idrettslag skal tilby idrettsglede og utfordringar for alle!

Misjon

Plass til alle!

Verdier

Følgjende verdiar skal Nore Neset Idrettslag styra etter:
VENNSKAP livet ut!
MEISTRING for barn og ungdom!
RESPEKT for alle!

Kjerneverdiane gjer uttrykk for kva for verdiar, ofte emosjonelle eigenskaper, som skal fylgjast i organisasjonen sin framferd. Dette skal spegla organisasjonen sin kultur og prioriteringar. Felles kjerneverdiar skal vera retningslinjer for å nå dei langsiktige måla våre.

Kjerneverdiane til Nore Neset Idrettslag var utarbeidd på Verdikvelden som trenarar, spelarar og leiarar deltok på 7.februar 2018, bearbeida av hovedstyret, og endeleg vedtatt på årsmøtet i idrettslaget 27.mars 2019.