Nore Neset – lauget

Nore Neset - lauget

Nore Neset Idrettslag er eit fleiridrettslag i Os kommune som tilbyr fotball, handball og idrettskule til barn. Idrettslaget har vel 600 aktive medlem frå 5 til 35 år, samt meir enn 100 frivillige trenarar og leiarar.

Visjon vår om at Nore Neset Idrettslag skal tilby idrettsglede og utfordringar for alle skal vi jobba aktivt med kvar dag, og med sterkt fokus på verdiane våre vennskap, meistring og respekt. På denne måten skal vi nå misjon vår om å skapa ein Plass til alle!

Nore Neset-lauget er eit «business to business»-konsept i regi av Nore Neset Idrettslag. Nettverket har som mål å ta klubben sine samarbeidspartnarar på alvor ved å etablera eit treffpunkt kor relasjonar, kunnskapsutveksling og vennskap vert utvikla på tvers av fag- og bransjeområder. Gjennom ulike tiltak på Nore Neset-lauget skapa eit godt grunnlag for spennande salsmoglegheiter, ny kompetanse og auka samarbeid.

Alle samarbeidspartnarar til Nore Neset Idrettslag vert ein del av Nore Neset-lauget. Som ein del av dette vert ein kalla inn til minimum to samlingar gjennom året kor faglege møter, sosiale treff og opplevingar står sentralt.

Samlinga “Heimekampen”

  • Kick-off / Presentasjon av klubb
  • Bedriftspresentasjon/mingling/nettverk
  • Mat/drikke
  • Revy’n med partner eller anna arrangement

Samlinga “Bortekampen”

  • Bedriftspresentasjon/mingling/nettverk
  • Mat/drikke
  • Frivillighetsfesten

I tillegg til ein positiv marknadseffekt, kan slik profilering vera med å ha positiv innverknad på eigne tilsette som ser at deira verksemd tek utvikling av lokalmiljø på alvor.

Er du nysgjerrig på om Nore Neset-lauget kan vera noko for din bedrift er det berre å ta kontakt. Vi ynskjer medspelarar som brenn for å skapa ein utviklingsarena for barn- og ungdom både på og utanfor banen, som vil vera med å byggja eit idrettslag med plass til alle!

Desse er med i Nore Neset – lauget

Kontaktinformasjon for Nore Neset – lauget
Eirik André Hesthamar
Daglig leder
E-post: dagligleder@nnil.no
Mobiltelefon: 950 89 824