Nyheitsbrev Nr. 2 – Mars 2016
Årsmøte 2016 og Årsmelding 2015
Årsmøte for 2016 vart arrangert i Torvholo 17. februar kl. 19:00. Det var stort frammøte, og vi takkar alle som stilte i ein elles hektisk kvardag!
Alle saker pa arsmotet blei samroystes vedteken:
• Arsmelding 2015
• Rekneskap 2015
• Kontingentjustering for 2016
• Budsjett 2016
• Tilslutnad til a gjennomfore kunstgrasbaneprosjekt innan framdrifts- og finansieringsplan som blei framlagt
• Ny lovnorm og Idrettslagets organisasjonsplan
• Val av styret – presentasjon av styret lenger bak i nyheitsbrevet.
Handballturnering på Nore Neset 21. februar
12 timer med handball
21. februar var der miniturnering i hallen med aktivitet frå 9 til 19. Handballdagen vart avslutta med ein J16-kamp.
Alle dei fire handballklubbane i bygda, Øyglimt, Nore Neset, Lysekloster og Os Turn var i sving med fleire lag i løpet av dagen.
Spesielt gledeleg var det med fleire gutelag i aksjon.
Rekruttering av gutar til handballen er eit satsingsområde for idrettslaget.
Idrettsskulen starter opp etter vinterferien
Idrettsskule med aktiviteter for barn i førskulealder startar opp etter vinterferien. Dette er aktivitetar for hovudsakleg 4 og 5 åringar. Foreldre er ansvarlege for sitt/sine barn på idrettsskulen. Det vil vere instruktørar frå eitt eller fleire av jenteungdomslaga i handballen. Idrettsskulen er frå kl 16-17 kvar tysdag.
Prosjekt ny kunstgrasbane 2016/2017
Informasjonsmøte om ny bane vart gjennomført i forkant av årsmøte. Her vart prosjektplan, status, budsjett og finansieringsplan gjennomgått.
Administrative forhold knytt til prosjektet
Vi er komen langt i planlegginga og arbeidet med ny kunstgrasbane og teknisk-/garderobebygg, på årsmøte fekk styret også tilslutnad til at prosjektet kan gjennomføras innan framlagd framdrifts- og finansieringsplan.
Følgjande er i skrivande stund på plass:
• Avtale om areal for ny bane med kommunen
• Avtale om masser og transport av masser frå OHARA med kommunen
• Stønad frå kommunen på 500.000 kr
• Stønad frå Fotballkretsens prosjektfond på 500.000 kr
• Kommunal garanti for kort- og langsiktige lån
• Byggjesøknad
• Avtale med entreprenør
Anleggsoppstart blir i mars/april, med 3-4 månader med anleggsarbeid og ferdigstilling av heile anlegget sommaren 2017
Sal av andelsbrev
Som ein del av finansieringsplanen for ny bane vil vi selja andelsbrev. Dette blei og gjort då eksisterande bane blei bygd for nokre år sidan. Vi oppmodar alle til å kjøpe ein eller fleire andelar, og ber om at dykk oppmodar familie og vener til å gjere det same. Kvar andel vil koste 500 kr, og vi har en målsetning om å selja minst 1200 andelar. Alle som kjøper andelar vil få eit andelsbrev, og skilt ved det nye anlegget vil synleggjera alle namna til andelshavarane.
Fotballfritidsordning (FFO)
Idrettslaget tilbyr FFO kvar tysdag og torsdag etter skuletid, og det er Martin Eidsvik som er fagleg ansvarleg og instruktor, vidare er Rune Fjellberg og med som instruktor. I dag er det omlag 20 barn med pa ordninga, men det er god plass og vi onskjer fleire med pa FFO.
FFO skal skape bevegelses glede gjennom variert aktivitet. FFO skal bidra til eit godt kosthold, læring av respekt, folkeskikk og fair play.
Treng du meir informasjon eller ønskjer å prøve tilbodet ei veke, ta kontakt med: leiar@nnil.no