Akademiet – For deg som vil satse videre.
Akademiet – For deg som vil satse videre.
På Akademiet får barn som er ivrig og motivert til å trene ekstra, tilbod om ekstra treningsøkter i veka. Akademiet skal vere eit supplement til lagsøkter og ikkje ei erstatning til desse.
Tilbodet er for elevar i 8.-10- klasse, og ein kan velje mellom Fotballakademi (FA) og Håndballakademi (HA). På Akademiet skal vi og ha fokus på felles rutinar med gode haldningar og samhald.
Akademiet fylgjer skuleruta, det vert servert varm mat før trening og frukost etter morgontreninga. Treningane kan vere anten før eller etter skuletid, og det vil også vere nokre helgesamlingar i løpet av sesongen.
Nokre av treningsøktene vil kunne verte erstatta av føredrag av ressurspersonar i krets, forbund eller Noregs Idrettsforbund.