Kiwi Bama Cup

Nore Neset Kiwi Bama Cup

Som EAT MOVE SLEEP-ambassadør skal det i løpet av året arrangerast ein fotballcup for born i alderen 6-12 år med sterkt fokus på sunne verdier. I år har BAMA og Norges Fotballforbund slått seg saman med KIWI, som i fellesskap med oss ambassadører, skal arrangere KIWI BAMA-CUP.

Nore Neset IL skal arrangere KIWI BAMA-Cup også i 2024 på Nore Neset Idrettspark. Håpar ditt lag blir med!

På KIWI BAMA-Cup vil det blant anna vere ein eigen Eat Move Sleep-camp der både deltakarar og tilskodarar får informasjon om kosthald, bevegelse og søvnvaner. I tillegg blir det andre kjekke aktivitetar, og sal av mat ulike stader på anlegget.

Nore Neset Kiwi Bama Cup 2024 vert 27. – 28. april. For påmelding, gå til https://www.profixio.com/app/nore-neset-kiwi-bama-cup-2024

Eat Move Sleep - ambassadør

Eat Move Sleep er ein nasjonal offensiv for å oppnå betre folkehelse, iverksatt av Norges Fotballforbund, Eat Initiative og Bama Gruppen AS i 2016. Det er eit konsept som skal inspirere born, unge og voksne til å ta gode valg i kvardagen ved å sette fokus på heilheita av det som skaper god helse og livskvalitet for oss menneske; nemleg kombinasjonen av kosthald, fysisk aktivitet og søvn.

EAT

Det er ekstra viktig å fylle på med riktig mat og drikke før og etter trening eller kamp! Det gjev meir energi til å prestere, konsentrasjonen skjerpes, samt påfyll kort tid etter aktivitet er viktig for restitusjon.

MOVE

Fysisk aktivitet er viktig for alle, uansett nivå eller ambisjon. Bevegelse er nemleg med på å halde kroppane våre friske. Det gjev oss bedre søvn, godt humør og kraft til å utføre daglegdagse oppgåver. Me ynskjer blant anna at flest mogleg går eller sykler, istadenfor å køyre. Tek du beina fatt til trening, kamp, jobb, skule og besøk, beveger du deg meir! Eit anna tips er å ta trappa istadenfor heisen.

SLEEP

Søvn er viktig for både den psykiske og fysiske helsa vår. Når me sover, reparerer nemleg kroppen seg sjølv. I tillegg gjer god søvn underverker for humøret, konsentrasjonen og hukommelsen. Tips: Det er anbefalt å legge vekk mobil og iPad når man skal legge seg. Dei sender ut eit blått lys som gjer det vanskeleg å sovne.