Fritidsordning – Nye vener frå andre skular.
Fritidsordning – Nye vener frå andre skular.
Gjennom vår fritidsordning får barnet delta i organisert aktivitet etter skuletid. Det er viktig at unge jenter og gutar er dagleg fysisk aktive, og målsetninga er å gje barna eit tilbod med variert aktivitet.
Det vert fokus på felles rutinar med gode haldningar og samhald. Ordninga er lagt opp på klassenivå, og barnet kan velje mellom idrettsfritidsordning (IFO) i 1.-5. klasse og fotballfritidsordning (FFO) eller handballfritidsordning (HFO) i 5.-7. klasse.
Fritidsordninga fylgjer skuleruta, det vert variert matservering og moglegheit for å gjera lekser før aktivitet. Vi hentar (dei minste) barna på Nore Neset barneskule ved skuleslutt. For barn ved Strøno, Søre Øyane, Lunde og Lysekloster barneskule har vi eigen busstransport. Barnet kan hentast i idrettsbygget mellom 16:00-16:30.
Velkommen til aktive og fine dagar saman etter skuletid måndag til fredag.