Sunn mat og
aktiviteter.
Utviklande og kjekt etter skuletid
Sunn mat og aktiviteter.
Utviklande og kjekt etter skuletid
Mat / ernæring
Hausten 2021 styrkar me mattilbodet på fritidsordningane våre.
Frå og med 1.september er Lena Lekven Ellefseth ansatt i Nore Neset Idrettslag. Lena tok fagbrev kokk i juni 2021, og skal vera ansvarleg for næringsrik og god tilrettelagt (varm) mat til våre fritidsordningar, mandag til torsdag.
Lena er ansatt i ei 12 månader lang prosjektstilling, slik at vi får tid til å sjå om dette vil styrke tilbodet vårt ytterlegare.
For å sikre at vi har kontroll på evetuelle matallergier, ber vi om at alle melder inn relevant informasjon snarast.
Lena Ellefseth
Kokk, Nore Neset Idrettslag
Leik / Aktivitetar
Fritidsordninga vil kombinera leik, ballidrett, turar og aktivitetar i nærområdet. I tillegg til fotball og handball kan det være aktivitetar som for eksempel grilling, hinderløype ute eller inne, aking o.l.
Leksehjelp
Barna får tilbod om leksehjelp i aktivitetshuset. Her kan dei óg samlast i lag på tvers av alder, kjønn og kva for skule dei høyrer til.